
Klimasøksmålet - "kunne ønske vi ikkje måtte gjere dette".
I Oikos 9 snakkar vi om lov og rett i miljøkampen. Har du høyrt om klimasøksmålet? Der staten norge vart saksøkt for å bygge ut oljefelt i nordsjøen? Kva med gruvesøksmålet, mot dumping av gruveavfall i Førdefjorden? Eller menneskerettigheitsbrotet mot reindriftssamane på Fosen? Desse er alle søksmål om natur og miljø. Miljøkampen er ikkje lenger berre med islender, plakatar og sivil ulydigheit Eller lobbyisme og politisk arbeid. Den har flytta inn i rettssalen. Kvifor har den det? Dette er temaet for denne episoden. Vi har med Sigrid Hoddevik Losnegård, ledar i natur og ungdom, og Frode Pleym, ledar i Greenpeace Norge Dei skal snakke om klimasøksmålet, kvifor dei har gått til sak mot staten, og vi diskuterar om denne «rettsliggjeringa» er eit nytt stadie i miljøkampen - vekk frå det politiske og demokratiske, eller ei nødvendig følge av det politiske og demokratiske. God lytting Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Audio and video play straight from the show's own hosting. PodSubs stores and serves no media.
