Skip to content
PodSubs
ShowsPeopleGuestsJobsNewsEvents
More
BlogPodCred
Menu
ShowsPeopleGuestsJobsNewsEventsBlogPodCredNetworksSign in
Join nowSign in
  • Shows
  • People
  • Jobs
  • News
  • More
    • Guests
    • Events
    • Blog
    • PodCred
    • Networks
    Join nowSign in

Oikos - framtidspodden

Oikos - framtidspodden artwork

Kan FN framleis redde klimaet?

Sep 28, 202655 minAudioEpisode 26
ShareXLinkedInFacebookWhatsAppEmail

Maria Mjaaland har vore delegat på fleire klimatoppmøte. Eg spør ho: kan FN framleis redde klimaet vårt? Ho spør meg tilbake: kva er alternativet? Denne veka har FN generalforsamling. Men internasjonalt samarbeid har det røft for tida Etter eit forventningsfullt 90-tal med globalisering og god stemning Har ein dei siste 10 åra særlig, sett polariseing og rivalisering Kanskje særlig har dette gått ut over FN Organisasjonen som dei siste 80 åra har vore verda sin arena for å løyse våre felles utfordringar Utfordringane har stått i kø Ikkje berre er FN kronisk underfinansiert - noko som berre har blitt verre dei siste åra Den har blitt nærast holdt gissel av vetomaktene i sikkerhetsrådet, Og den har avgrensa moglegheit til å gripe inn i medlemsland - både ettersom medlemslanda er suverene, men også fordi den manglar økonomiske musklar. I tillegg er det mange som tenar på polemikk mot internasjonalt samarbeid. Og eit viktig element i ytre-høgrebølga som rir mange land, er motstanden mot beslutningsforum langt borte. Klimaforhandlingane er slik eit døme på FN sine avgrensingar, men også på dei moglegheitene som tross alt ligg i internasjonalt samarbeid. Og parisavtalen, med alle sine manglar, er tross alt eit resultat av eit av dei få felles globale prosjekta som verdssamfunnet har klara å samarbeide om. Denne verda av delegatar, forhandlingar, og resolusjonar, ja det framstår fjernt - også for meg. Men i dag har vi med ei som har hatt mange turar på FN sine klimatoppmøter Og det som representant for heilt vanlige frivillige organisasjonar. Vi har med oss Maria Mjaaland. Ho har vore delegat først for KFUK/KFUM, og så som ungdomsdelegat. Og i dag snakkar eg med henne om korleis det er å vere på FN-toppmøte Kvifor dette er ein viktig stad å engasjere seg, Og kva FN tross alt kan få til - sjølv i desse urolige tider. Ho presiserer at dette er hennar eigne meiningar og analysar ho kjem med i denne podden. Vi kom også inn på ein del andre saker, som korleis den kristne tradisjonen har vore viktig for hennar engasjement (og kvar den har blitt av i dagens KrF). Og i "Ord for dagen" reflekterer eg litt laust om overnasjonalt samarbeid - og då særlig EU. Eg er for. Foto: Anna Rosenlund. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Audio and video play straight from the show's own hosting. PodSubs stores and serves no media.

Hosts and Guests

Nobody is credited on this episode yet.

Credit the people on this episode

Be the first to rate this episode

More episodes

All episodes
  1. Tenketanken Alm vs. evig vekst

    Nov 23, 202658 minAudio

    Berekraftig økonomi må ha folk flesr med seg, seier Kari Elisabeth Kaski. Den tidligare miljøaktivisten og SV-toppen er no leiar for tenketanken Alm, som skal bidra med økonomiske innsikter for berekraftssamfunnet. Eg...

    Credit the people on this episode

  2. Klaus Mohn og slutten på norsk olje

    Oct 5, 202654 minAudio

    Klaus Mohn er samfunnsøkonom, tildigare sjefsøkonom i Statoil, og rektor ved Universitetet i Stavanger. Han har argumentert tydelig for at norsk petroleumssektor må gå inn i aftenrøden. "Eg har ikkje begeistringsplikt"...

    Credit the people on this episode

  3. Eit år med indiepod

    Sep 21, 20268 minAudio

    Dagens gjest måtte utsetje opptaket. Så denne veka byr podkasten på eit aldri så lite kvileskjær. Det kunne jo vere fint å ta ei lita oppsummering, lufte nokon tankar etter eit år med indiepodkasting. Kvifor skal ein...

    Credit the people on this episode

  4. Metamorfosen av laksen og alt det merkelige som skjedde

    Sep 14, 202647 minAudio

    "Den nye fisken" er ein moderne miljøklassikara - ei analyse av den doble metamorfosen av oppdrettslaksen, og kystsamfunnet som fulgte med. Journalist og forfattar Simen Sætre snakkar om korleis endring av ein fisk også...

    Credit the people on this episode

  5. Lablekkasje, fugleinfluensa, bioterrorisme, fortrengte traumer - kort sagt: pandemi

    Sep 7, 20261 hr 17 minAudio

    [ein teknisk feil på opptaket er no retta] Eit fortrengt nasjonalt traume, generasjon korona, lablekkasje, bioterrorisme og fugleinfluensa. Ja det er nok å ta tak i når det er snakk om pandemi. Eg spør immunolog...

    Credit the people on this episode