Skip to content
PodSubs
ShowsPeopleGuestsJobsNewsEvents
More
BlogPodCred
Menu
ShowsPeopleGuestsJobsNewsEventsBlogPodCredNetworksSign in
Join nowSign in
  • Shows
  • People
  • Jobs
  • News
  • More
    • Guests
    • Events
    • Blog
    • PodCred
    • Networks
    Join nowSign in

Oikos - framtidspodden

Oikos - framtidspodden artwork

Eit år med indiepod

Sep 21, 20268 minAudioEpisode 25
ShareXLinkedInFacebookWhatsAppEmail

Dagens gjest måtte utsetje opptaket. Så denne veka byr podkasten på eit aldri så lite kvileskjær. Det kunne jo vere fint å ta ei lita oppsummering, lufte nokon tankar etter eit år med indiepodkasting. Kvifor skal ein eigentlig drive å surre med å lage podkast? Nummer en er at eg stadig møter dykk som seier at dette er viktig. Eg har ikkje mange lyttarar, sånn relativt sett. Men generelt sett så samlast mellom 60 og 200 personar kvar veke for å lytte på lange samtalar om kompliserte problemstillingar innan klima, natur og framtida. Det er rett og slett innmari artig, Og veldig fint. Då gjer det ikkje så mykje for meg at også andre lagar podkastar For eg håper jo at vi her har ein innfallsvinkel, ei stemme, som kan vere interessant. Og då kjem ein jo også inn på ein grunn til for å gjere dette Fordi eg meiner det er avgjerande for samfunnsendring og politikkutforming at ein har stadar å diskutere, argumentere, lufte tankar og perspektiv. Og som samfunnsengasjert og naturengasjert så var det faktisk ein del diskusjonar eg tykte mangla i offentligheita. Medan ein del andre aktørar hadde vore mykje bedre til å skape arenaer og kanalar for debatt og politisk utvikling. Kort sagt så vart eg overraska over kor mykje det vart snakka i ulike valørar Både på borgerlig side har vi Minerva og Civita, prosjekt som eg er politisk ueinig i men som eg eigentlig har stor sans for ettersom dei diskuterar og utviklar politikk og analyse på ein måte eg tenker er veldig fin. Lenger til høgre har vi høgrepoddarar og mannosfære. Dei også utmalar politikk og samfunnssyn - på ein meir tvilsom, men effektiv, måte. Eg må berre ta til etterretning at mange på borgarleg side - og lenger til høgre, har lukkast med politikkutvikling i den nye offentligheita. Og for meg er lærdommen at om ein er ueinig i det som vert diskutert der, ueinig i analyser, holdningar, verdiar, ja då må ein gjere jobben sjølv. Saknar ein noko der ute så kan ein i dag faktisk gjere noko for å få det ut. Eg saknar bedre samtalar om miljø og framtida. Så dette er mitt beskjedne bidrag til det. Når det gjeld sosiale medier så er det den tunge delen av jobben. Det er heilt klart kjedeligare å lage postar på sosiale medier enn å snakke med spennande folk. Men eg klagar ikkje altså - det er jo tross alt ein smæshing infokanal. Likevel då folkens - lik og del som det heiter. Er det tema på podden som engasjerer dykk så spre ordet. Og er det gjestar og tema de kunne ønske at eg tok opp så sei ifrå. Vi har allerede fått fleire innspel som har resultert i episodar - også gjestar og tema som eg ikkje hadde klart å tenke ut sjølv. Så håpar eg at podden lever vidare! Minst ut 2026, og forhåpentligvis lenger! Neste veke er vi tilbake med GJEST! Vi satsar på to episodar til i løpet av september/oktober Før ei pause til neste bolk i november/desember Her har det allerede byrja å fylle seg opp, så om de har innspel så hiv dykk rundt! Thankyou for your attention on this matter Som det heiter i junaiten. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Audio and video play straight from the show's own hosting. PodSubs stores and serves no media.

Hosts and Guests

Nobody is credited on this episode yet.

Credit the people on this episode

Be the first to rate this episode

More episodes

All episodes
  1. Tenketanken Alm vs. evig vekst

    Nov 23, 202658 minAudio

    Berekraftig økonomi må ha folk flesr med seg, seier Kari Elisabeth Kaski. Den tidligare miljøaktivisten og SV-toppen er no leiar for tenketanken Alm, som skal bidra med økonomiske innsikter for berekraftssamfunnet. Eg...

    Credit the people on this episode

  2. Klaus Mohn og slutten på norsk olje

    Oct 5, 202654 minAudio

    Klaus Mohn er samfunnsøkonom, tildigare sjefsøkonom i Statoil, og rektor ved Universitetet i Stavanger. Han har argumentert tydelig for at norsk petroleumssektor må gå inn i aftenrøden. "Eg har ikkje begeistringsplikt"...

    Credit the people on this episode

  3. Kan FN framleis redde klimaet?

    Sep 28, 202655 minAudio

    Maria Mjaaland har vore delegat på fleire klimatoppmøte. Eg spør ho: kan FN framleis redde klimaet vårt? Ho spør meg tilbake: kva er alternativet? Denne veka har FN generalforsamling. Men internasjonalt samarbeid har...

    Credit the people on this episode

  4. Metamorfosen av laksen og alt det merkelige som skjedde

    Sep 14, 202647 minAudio

    "Den nye fisken" er ein moderne miljøklassikara - ei analyse av den doble metamorfosen av oppdrettslaksen, og kystsamfunnet som fulgte med. Journalist og forfattar Simen Sætre snakkar om korleis endring av ein fisk også...

    Credit the people on this episode

  5. Lablekkasje, fugleinfluensa, bioterrorisme, fortrengte traumer - kort sagt: pandemi

    Sep 7, 20261 hr 17 minAudio

    [ein teknisk feil på opptaket er no retta] Eit fortrengt nasjonalt traume, generasjon korona, lablekkasje, bioterrorisme og fugleinfluensa. Ja det er nok å ta tak i når det er snakk om pandemi. Eg spør immunolog...

    Credit the people on this episode