Skip to content
PodSubs
ShowsPeopleGuestsJobsNewsEvents
More
BlogPodCred
Menu
ShowsPeopleGuestsJobsNewsEventsBlogPodCredNetworksSign in
Join nowSign in
  • Shows
  • People
  • Jobs
  • News
  • More
    • Guests
    • Events
    • Blog
    • PodCred
    • Networks
    Join nowSign in

Oikos - framtidspodden

Oikos - framtidspodden artwork

Metamorfosen av laksen og alt det merkelige som skjedde

Sep 14, 202647 minAudioEpisode 24
ShareXLinkedInFacebookWhatsAppEmail

"Den nye fisken" er ein moderne miljøklassikara - ei analyse av den doble metamorfosen av oppdrettslaksen, og kystsamfunnet som fulgte med. Journalist og forfattar Simen Sætre snakkar om korleis endring av ein fisk også endra matvaner, økosystem og maktforhold i små kystsamfunn. Og korleis dette til slutt enda i hendene til landets rikaste. Dei to journalistane Simen Sætre og Kjetil Østli har hatt stor produksjon. Sætre har jobba fleire år i Morgenbladet, og var ein av dei skribentane eg alltid gleda meg til å lese, fordi det som regel var overraskande perspektiv. Sætre har skrive ei rekke bøker om ulike tema - inkludert om høgreekstremisme, olje, mat, og sist om “Den usannsynlige seriemorderen Arnfinn Nesset” - ei bok han nylig fekk rettssikkerhetsprisen på. Østli har vore med å bygd opp nettmagasinet Harvest. Han har skrive bøker både om Kronprins Haakon og Lars Monsen, og om 22. Juli - og jobbar no i Aftenposten. Eit ganske vidt interessefelt der også altså. Men i 2021 kom desse to ut med ei besynderlig bok. Den heitte “Den nye fisken - om temmingen av laksen og alt det forunderlige som fulgte”. Og då eg las den, så sat eg som fjetra tilbake. For dette var intet mindre enn ei usedvanlig brei analyse av eit teknologisk, sosialt, biologisk og politisk fenomen som har utvikla seg i norge gjennom dei siste 40 åra Og som vi i dag kjenner som ei av norges største næringer Nemlig norsk lakseoppdrett. Og det eg ønska meg då eg var verdig med å lese boka, var at Østli og Sætre skulle følge opp, og gjere tilsvarande analysar av andre norske bransjar, som kraftbransjen og oljebransjen. Så eg skal legge inn ønske om det i samtalen For i dag har eg vore så heldig å få som gjest journalist Simen Sætre. God lytting. I ord for dagen freistar eg å forstå kvifor næringar som byrjar med godvilje - som oppdrett, vindkraft og cruise, endar med krangling. Ein kan ikkje klandre ein rev for å vere ein rev. Men kva må ein gjere då? Foto: Maria Kleppe Vihovde Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Audio and video play straight from the show's own hosting. PodSubs stores and serves no media.

Hosts and Guests

Nobody is credited on this episode yet.

Credit the people on this episode

Be the first to rate this episode

More episodes

All episodes
  1. Tenketanken Alm vs. evig vekst

    Nov 23, 202658 minAudio

    Berekraftig økonomi må ha folk flesr med seg, seier Kari Elisabeth Kaski. Den tidligare miljøaktivisten og SV-toppen er no leiar for tenketanken Alm, som skal bidra med økonomiske innsikter for berekraftssamfunnet. Eg...

    Credit the people on this episode

  2. Klaus Mohn og slutten på norsk olje

    Oct 5, 202654 minAudio

    Klaus Mohn er samfunnsøkonom, tildigare sjefsøkonom i Statoil, og rektor ved Universitetet i Stavanger. Han har argumentert tydelig for at norsk petroleumssektor må gå inn i aftenrøden. "Eg har ikkje begeistringsplikt"...

    Credit the people on this episode

  3. Kan FN framleis redde klimaet?

    Sep 28, 202655 minAudio

    Maria Mjaaland har vore delegat på fleire klimatoppmøte. Eg spør ho: kan FN framleis redde klimaet vårt? Ho spør meg tilbake: kva er alternativet? Denne veka har FN generalforsamling. Men internasjonalt samarbeid har...

    Credit the people on this episode

  4. Eit år med indiepod

    Sep 21, 20268 minAudio

    Dagens gjest måtte utsetje opptaket. Så denne veka byr podkasten på eit aldri så lite kvileskjær. Det kunne jo vere fint å ta ei lita oppsummering, lufte nokon tankar etter eit år med indiepodkasting. Kvifor skal ein...

    Credit the people on this episode

  5. Lablekkasje, fugleinfluensa, bioterrorisme, fortrengte traumer - kort sagt: pandemi

    Sep 7, 20261 hr 17 minAudio

    [ein teknisk feil på opptaket er no retta] Eit fortrengt nasjonalt traume, generasjon korona, lablekkasje, bioterrorisme og fugleinfluensa. Ja det er nok å ta tak i når det er snakk om pandemi. Eg spør immunolog...

    Credit the people on this episode