Skip to content
PodSubs
ShowsPeopleGuestsJobsNewsEvents
More
BlogPodCred
Menu
ShowsPeopleGuestsJobsNewsEventsBlogPodCredNetworksSign in
Join nowSign in
  • Shows
  • People
  • Jobs
  • News
  • More
    • Guests
    • Events
    • Blog
    • PodCred
    • Networks
    Join nowSign in

Oikos - framtidspodden

Oikos - framtidspodden artwork

Men størst av alt er usikkerheita

Jun 1, 20261 hr 20 minAudioEpisode 21
ShareXLinkedInFacebookWhatsAppEmail

Korleis leve livet i ein verden som går av hengslene, og kva kan Afghanistan-veteranar lære oss om usikkerheit? Det spør eg Andreas Espetvedt Nordstrand om. Han er psykologspesialist, førsteamanuensis, kommandørkaptein (og long time klatre- og diskusjonspartner) - og dagens tema er usikkerheit, og å forstå framtida. Beredskap beredskap beredskap. Ordet har gått som eit refreng dei siste åra. Det starta med pandemiberedskap i 2020. Den var så som så. Så forsatte det med militær beredskap i 2022 - då Russland invaderte Ukraina. Den var heller ikkje god. Så har det kome på rekke og rad: Cyberberedskap, klimaberedskap, beredskapslager. For ikkje å snakke om energiberedskap - i det Iran strupa verdas forsyning av olje og laga furore på stortinget. Og det i år - 2026, som til alt overmål er totalberedskapsåret. Og det er ikkje for å feire at beredskapen vår er så god - for å seie det slik. Berre for ti år sidan hadde vi rista på hovudet - no må ein slappe litt av her. Kva er det eigentlig som har skjedd? Vel, det har skjedd ganske mykje dei siste 10 åra. Vi skal på ingen måte oppsummere alt - det held med nokon stikkord. Koronapandemien viste kor sårbare og lite budde samfunna våre er på lammande naturkatastrofar. Putin sin angrepskrig i Ukraina var eit vendepunkt for Europa. Og vi må i dag leve med eit aggresivt og potensielt ustabilt Russland. Trump sitt kleptokrati kan vere starten på slutten for pax americana og det trans-atlantisek samarbeidet. Og i bakgrunnen endrar klimaet seg, som eit stigande tidevatn. Ei stille bølge som vil endre livsvilkåra for milliardar av menneske. Dette er mykje - men ein ting er sikkert. Om vi stod her i 2016 og diskuterte korleis verda kom til å vere om 10 år, så trur eg ingen hadde klart å føreseie korleis dette vart. Og då er vi ved dagens tema. For om eg skal ta eit steg til sida, til min jobb som lærar Som skal forklare til 16-åringar korleis verda heng saman. Så må eg berre seie det som det er: vi veit ikkje korleis verda kjem til å bli Men ein ting kan eg seie: de er nøydde til å leve med mykje usikkerheit. Men korleis gjer ein det? Korleis kan vi norskar, som har levd i eit stabilt hjørne av verda omtrent sidan andre verdskrig Få robustheit, evne og instilling til å tåle ei usikker framtid? Til det har eg fått ein interessant gjest. Andreas Espetvedt Nordstrand Han er utdanna psykologspesialist Og førsteamanuensis ved NTNU Han er også kommandørkaptein i forsvaret Der han er sjef for seksjon for militær mental helse. Men før han vart alt dette, så var eg og han på klatreturar i den norske fjellheimen Så vi er gamle kjente. Likevel, eg har ikkje invitert Andreas på kjentfolk-kvota, for han har etter kvart blitt heilt sentral i den norske debatten om mental beredskap og robusthet. Det vart til slutt rart å IKKJE spør om han ville vere med på podden. Andreas har jobba i mange år med mental robusthet og beredskap Først med norske afghanistan-veteranar Og no med utdanning av personell i det Ukrainske militæret. Og eit sentralt spørsmål i hans arbeid er korleis ein handterar usikkerheit. Ord for dagen er om tenking - med bakgrunn i boka "Dumhet, idioti og dumme idioter" av Lars Fr.H. Svendsen. Målsetjing: ikkje vere dum, idiot eller dum idiot - og ellers gjere sitt beste, Dette er siste podden for våren - eg er tilbake i haust. God sommar! Foto: forsvaret Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Audio and video play straight from the show's own hosting. PodSubs stores and serves no media.

Hosts and Guests

Nobody is credited on this episode yet.

Credit the people on this episode

Be the first to rate this episode

More episodes

All episodes
  1. Tenketanken Alm vs. evig vekst

    Nov 23, 202658 minAudio

    Berekraftig økonomi må ha folk flesr med seg, seier Kari Elisabeth Kaski. Den tidligare miljøaktivisten og SV-toppen er no leiar for tenketanken Alm, som skal bidra med økonomiske innsikter for berekraftssamfunnet. Eg...

    Credit the people on this episode

  2. Klaus Mohn og slutten på norsk olje

    Oct 5, 202654 minAudio

    Klaus Mohn er samfunnsøkonom, tildigare sjefsøkonom i Statoil, og rektor ved Universitetet i Stavanger. Han har argumentert tydelig for at norsk petroleumssektor må gå inn i aftenrøden. "Eg har ikkje begeistringsplikt"...

    Credit the people on this episode

  3. Kan FN framleis redde klimaet?

    Sep 28, 202655 minAudio

    Maria Mjaaland har vore delegat på fleire klimatoppmøte. Eg spør ho: kan FN framleis redde klimaet vårt? Ho spør meg tilbake: kva er alternativet? Denne veka har FN generalforsamling. Men internasjonalt samarbeid har...

    Credit the people on this episode

  4. Eit år med indiepod

    Sep 21, 20268 minAudio

    Dagens gjest måtte utsetje opptaket. Så denne veka byr podkasten på eit aldri så lite kvileskjær. Det kunne jo vere fint å ta ei lita oppsummering, lufte nokon tankar etter eit år med indiepodkasting. Kvifor skal ein...

    Credit the people on this episode

  5. Metamorfosen av laksen og alt det merkelige som skjedde

    Sep 14, 202647 minAudio

    "Den nye fisken" er ein moderne miljøklassikara - ei analyse av den doble metamorfosen av oppdrettslaksen, og kystsamfunnet som fulgte med. Journalist og forfattar Simen Sætre snakkar om korleis endring av ein fisk også...

    Credit the people on this episode