Skip to content
PodSubs
ShowsPeopleGuestsJobsNewsEvents
More
BlogPodCred
Menu
ShowsPeopleGuestsJobsNewsEventsBlogPodCredNetworksSign in
Join nowSign in
  • Shows
  • People
  • Jobs
  • News
  • More
    • Guests
    • Events
    • Blog
    • PodCred
    • Networks
    Join nowSign in

Oikos - framtidspodden

Oikos - framtidspodden artwork

Styrer oljebransjen norsk klimapolitikk?

May 11, 20261 hr 11 minAudioEpisode 18
ShareXLinkedInFacebookWhatsAppEmail

Forskar og forfattar Bård Lahn forklarer korleis Noreg både kan opne nye gassfelt og innføre rådyre klimatiltak. Korleis er det mogleg!?! Kristian ser fanden på flatmark og blir NESTEN konspiratorisk: dette er det oljepolitiske komplekset!! I førre veke kom nyhenda at regjeringa gjenopnar tre gassfelt og opnar for leiting på 70 nye stadar på norsk sokkel - nokon av dei uvanlig nær kysten. Dette burde ikkje vere noko overrasking frå arbeiderpartiet, som vil utvikle og ikkje avvikle norsk petroleumsnæring. Likevel er det jo eit skisma i norsk politikk at vi har ambisiøse klimamål og rådyre klimatiltak på norsk landjord, samtidig som vi held fram å stimulere vår største kjelde til CO2, nemlig norsk petroleumssektor. Korleis får vi dette til å henge saman? Ja, samanlikna med våre naboland så er dette like særnorsk som brunost og grandiosa. Så dagens tema er petroleum og klima. Nærare bestemt om det har noko å seie for norsk klimapolitikk at petroleumssektoren er norges største næring. Med oss for å diskutere dette har vi sjølvaste Bård Lahn - veldig kjekt. Ein av dei eg hadde i tankane då eg starta denne podden. Bård Lahn har jobba med klima lenge. Han er i dag forskar og forfattar, førsteamanuensis verd Senter for teknologi, innovasjon og kultur ved Universitetet i Oslo, og tilknytta Cicero Senter for klimaforsking. Tidligare har han jobba for Naturvernforbundet og vore leiar av Natur og ungdom. Eg vart merksam på Lahn då eg plukka opp boka hans «Klimaspillet» frå 2013 - noko så sjeldan som ei veldig spennande og forståelig bok om internasjonale klimaforhandlingar, der Lahn var med som observatør. I haust kom han med ei ny bok: «Kven bestemmer over klimaet - ei kort bok om eit nesten umulig spørsmål». Og når han ikkje skriv framifrå innføringar i svært kompliserte tema, så jobbar han med tilsvarande kompliserte tema - som til dømes norsk petroleumssektor og norsk klimapolitikk. Og det er difor Lahn er gjest her i Oikos - for i dag skal vi snakke om eit stort og viktig (og kanskje litt vanskelig og vondt tema) nemlig kva påverknad norsk petroleumssektor har på norsk miljøpolitikk. Relevante og omtalte saker i podden: https://www.sciencedirect.com/science/article/pii/S2214629626002215?dgcid=coauthor https://www.energiogklima.no/meninger-og-analyse/debatt/store-tar-feil-om-behovet-for-oljeleting https://www.nrk.no/rogaland/regjeringen-med-storoffensiv_-gjenapner-tre-gassfelt-og-utvider-letearealet-kraftig-1.17871553 https://forlaget.manifest.no/products/hvem-bestemmer-over-klimaet https://www.forskning.no/makt-partner-penger/norge-er-mye-mer-elitestyrt-enn-de-flest-av-oss-er-klar-over/2657689 https://www.uio.no/forskning/forskningsnytt/apollon/artikler/2026/2-tema-klimapolitikk.html https://www.idunn.no/doi/epdf/10.18261/nost.7.4-5.5 https://forlaget.manifest.no/collections/alle-produkter/products/hvem-bestemmer-over-klimaet Foto: Erik Engblad (UiO) Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Audio and video play straight from the show's own hosting. PodSubs stores and serves no media.

Hosts and Guests

Nobody is credited on this episode yet.

Credit the people on this episode

Be the first to rate this episode

More episodes

All episodes
  1. Tenketanken Alm vs. evig vekst

    Nov 23, 202658 minAudio

    Berekraftig økonomi må ha folk flesr med seg, seier Kari Elisabeth Kaski. Den tidligare miljøaktivisten og SV-toppen er no leiar for tenketanken Alm, som skal bidra med økonomiske innsikter for berekraftssamfunnet. Eg...

    Credit the people on this episode

  2. Klaus Mohn og slutten på norsk olje

    Oct 5, 202654 minAudio

    Klaus Mohn er samfunnsøkonom, tildigare sjefsøkonom i Statoil, og rektor ved Universitetet i Stavanger. Han har argumentert tydelig for at norsk petroleumssektor må gå inn i aftenrøden. "Eg har ikkje begeistringsplikt"...

    Credit the people on this episode

  3. Kan FN framleis redde klimaet?

    Sep 28, 202655 minAudio

    Maria Mjaaland har vore delegat på fleire klimatoppmøte. Eg spør ho: kan FN framleis redde klimaet vårt? Ho spør meg tilbake: kva er alternativet? Denne veka har FN generalforsamling. Men internasjonalt samarbeid har...

    Credit the people on this episode

  4. Eit år med indiepod

    Sep 21, 20268 minAudio

    Dagens gjest måtte utsetje opptaket. Så denne veka byr podkasten på eit aldri så lite kvileskjær. Det kunne jo vere fint å ta ei lita oppsummering, lufte nokon tankar etter eit år med indiepodkasting. Kvifor skal ein...

    Credit the people on this episode

  5. Metamorfosen av laksen og alt det merkelige som skjedde

    Sep 14, 202647 minAudio

    "Den nye fisken" er ein moderne miljøklassikara - ei analyse av den doble metamorfosen av oppdrettslaksen, og kystsamfunnet som fulgte med. Journalist og forfattar Simen Sætre snakkar om korleis endring av ein fisk også...

    Credit the people on this episode