
Mangfaldsspesial: Kva vi snakkar om når vi snakkar om mangfald
Velkommen til ein ny episode av Språkoppdraget som handlar om mangfald, dette ordet som stadig dukkar opp i stillingsannonsar, i festtalar og i strategidokument, men som også er i oss og rundt oss utan at vi alltid set merkelappen på det. Kva rommar eigentleg ordet mangfald, kva skal til for å få mangfald på ein arbeidsplass eller i ei anna gruppe, og har alle noko å bidra med? Kven sitt ansvar er det å få mangfald i samfunnet, og korleis snakkar vi eigentleg om det? Og kva er den største misforståinga om mangfald. Manav Rihel Kumar er gjest i dagens episode. Han er dagleg leiar i Seema som mellom anna held kurs i mangfaldsleiing, Språkoppdraget har vore på kurs hos han, og det var sjølvsagt språket vi hengde oss opp i. Derfor blir det også mykje språkleg mangfald i denne episoden. Manav fortel oss om forskjellen på hindi og punjabi, om korleis det er å vere einaste sørlending i ein ungdomsskoleklasse på Jessheim og kva det har gjort med talespråket hans, og vi snakkar om korleis nynorsk er ein del av mangfaldet i det norske samfunnet i dag. Visste du forresten at programleiar Erlend er keivhendt? Ikkje han heller. Meir om alt som er keivt, skeivt og mangfaldig på andre måtar får du i denne episoden av Språkoppdraget. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Audio and video play straight from the show's own hosting. PodSubs stores and serves no media.

