
Jens Kihl om Cabaret, sexy nynorsk og ananas på pizza
Kor sexy er for sexy? Det var ei av utfordringane Jens Kihl fekk da han skulle finne nynorsk språkdrakt til musikalen Cabaret for Det Norske Teatret. Sjølv om nattklubbstemninga i Berlin under Weimarrepublikken var dampande heit, var det ein song om ananas som blei den store testen for den ferske omsetjaren. Jens Kihl er gjest i denne episoden av Språkoppdraget. Til vanleg er han leiar for kultur- og samfunnsavdelinga i Bergens Tidende. Han har gitt ut bok om norske kommunar, biografi om Liv Signe Navarsete og har fortid i eit band som får populære poplåtar til å handle om nynorskheltar. No kan han altså skrive musikal-gjendiktar opp på lista over merittar. Det var ikkje opplagt at Oslo-guten Kihl skulle bli nynorskbrukar. Eit høgst medvite val han tok da han gjekk på Oslo Katedralskole, gjer at han i dag lever eit 100 % nynorsk liv. Jens Kihl har mykje å takk nynorsken for. I denne episoden snakkar vi også om Erna Solberg-pizza, elefantsvangerskap, og om det er greitt å gå med «ei bok i magen». Om du lurar på om mat i podkast eigentleg er ein god ide, kan du lytte til denne og gjere deg opp ei meining sjølv. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Audio and video play straight from the show's own hosting. PodSubs stores and serves no media.

