
Møt to visjonære samfunnsaktørar med beina på jorda
Episode 16 | Peder O. Lie frå Li i Øygarden og Inge Halstensen frå Bekkjarvik i Austevoll har mykje felles. Begge er knytt til eit rikt fiskerimiljø og er profilerte samfunnsbyggjarar. I podkasten Rådhuset inviterer kommunedirektør i Øygarden personar som har noko viktig å seia oss. I denne episoden fortel dei to samfunnsaktørane om oppturar og nedturar over fleire generasjonar. - Inge har utvikla den finaste plassen mellom Bergen og Haugesund, seier Peder. - Skal vi utvikla oss, må vi finna dei rette til å utføra oppgåvene, seier Inge. I tillegg til å vera fiskebåtreiarar, har dei i sine lokalmiljø engasjert seg i handel, eigedom, byutvikling, turisme og kultur. Saman representerer Liegruppen og K. Halstensen over tre hundre arbeidsplassar. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Audio and video play straight from the show's own hosting. PodSubs stores and serves no media.
