
Merkedag for reiselivet i Øygarden
Episode 26 | I podkastepisode 26 av Rådhuset markerer vi at Øygarden er tildelt merket for berekraftig reisemål I strålande solskinn hadde kommunedirektør Johnny Breivik invitert sentrale reiselivsaktørar til utestudio under ei markering på Fjell festning 27. august. - Vi gler oss over at Øygarden no er tildelt merke, men samstundes startar jobben med å verta endå meir berekraftig, seier direktør for reiseliv i Innovasjon Norge, Aase Marthe Horrigmo. Reiselivsdirektør Hele Frihammer (Visit Bergen) seier at det er ein fordel for Øygarden å vera tett opp mot Bergen. - Vi er ein av dei mest attraktive regionane i landet. Denne attraktiviteten må koma heile bergensregionen til gode, seier reiselivsdirektøren. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Audio and video play straight from the show's own hosting. PodSubs stores and serves no media.
