
Pia Gulliksen og Sebastian Bautz
Dei fann draumen på ein gammal husmannsplass Pia Gulliksen og Sebastian Bautz drøymde om eit liv nærare naturen - og om å skape noko sjølve. På Lundelie gård ein gammal husmannsplass i Sør-Aurdal, fann dei staden dei leita etter. No legg dei ned hundrevis av timar for å gi både husa og jorda nytt liv. Berre arbeidet med skifertaket har kravd over 400 timar eigeninnsats. Målet er å ta vare på historia, drive jorda og etter kvart skape seg eit liv og eit levebrød på garden. Støtta frå Kulturminnefondet har vore viktig: - Vi hadde ikkje gjort det utan. Vi hadde ikkje turt å kjøpe garden dersom vi ikkje visste at vi kunne søkje pengar. I denne episoden av Arven vår møter Pia Wigtil eit ungt par som ikkje berre drøymer om eit anna liv - dei er i full gang med å skape det. Høyr historia om Lundelie og om kva som skal til for å gi ein gammal husmannsplass ei ny framtid.
Audio and video play straight from the show's own hosting. PodSubs stores and serves no media.
