
Silje og Ottar Motland
Det gule huset i Paradis I Paradis i Stavanger står eit lite gult hus frå 1876. Gjennom snart 150 år har det vore både heim, stall og bad - og ein del av historia i nabolaget. Då Silje og Ottar tok over huset, var planen å setje i stand litt. Men gamle hus har ofte fleire historier å fortelje enn ein først trur. Bak gamle dører, vindauge og veggar dukkar det opp spor etter tidlegare generasjonar. Med linoljemåling, tradisjonelle metodar og respekt for historia gir dei huset nytt liv. I denne episoden av Arven vår møter Pia Wigtil frå Kulturminnefondet Silje og Ottar til ein samtale om restaureringsglede, uventa oppdagingar og verdien av å ta vare på eit hus som betyr noko - ikkje berre for eigarane, men for heile nabolaget.
Audio and video play straight from the show's own hosting. PodSubs stores and serves no media.

