
Knut Egil Bekkevold
Korleis kan eit gamalt småbruk og ei nedfallen smie bli ein levande arena for formidling, friluftsliv og fellesskap? I den nyaste episoden av podkasten Arven vår møter vi Knut Egil Bekkevold på Steinreisberget friluftsgard på Finnskogen - eit døme på korleis kulturminne kan få nytt liv gjennom aktiv bruk. Steinreisberget ligg vakkert til ved Steinreien, ein del avdet historiske fløtervassdraget på Finnskogen. Plassen har røter tilbake til mellomalderen og er prega av skogfinsk busetnad og tradisjonar. I dag er garden ein aktivmøteplass for skular, organisasjonar, turistar og lokalsamfunn - med friluftsliv, handverk og kulturformidling som kjerne. Knut Egil Bekkevold er i samtale med Kulturminnefondets direktør Pia Wigtil.
Audio and video play straight from the show's own hosting. PodSubs stores and serves no media.
