
@laftogleven
Eit hus med sjel - og eit prosjekt som inspirerer 🏡 Midt i Stavanger står eit hus frå 1926 som sakte får nytt liv. Sigrun Sætervik og Odd Blikra Egerland bytte moderne komfort med gamle tregolv, laft, linoljemåling - og eit omfattande restaureringsprosjekt. I denne episoden av Arven vår møter Pia Wigtil paret som leita etter ein heim med historie og særpreg. Dei fortel om vala, utfordringane og gleda ved å finne tilbake til huset slik det ein gong var - og om kvifor dei små skeivheitene og spora etter tid er verdt å ta vare på. 🎧 Høyr historia om huset frå 1926 - og om korleis vern gjennom aktiv bruk gjev gamle hus nytt liv.
Audio and video play straight from the show's own hosting. PodSubs stores and serves no media.
